Overnatting

Å vakne opp i verdsarvområdet er noko heilt spesielt.
Gjennom SAKTE finn du overnatting som ligg tett på naturen, landskapet og staden du besøker.

Overnattingsstadene er små og personlege, drivne av vertar som kjenner området godt og som tek vare på både gjestene og omgjevnadene. Her kan du bu miljøvenleg, roleg og vakkert – med tid og rom til å vere til stades. Når du vel overnatting gjennom SAKTE, bidreg du til berekraftig busetnad, levande bygder og vern av natur og kulturlandskap i verdsarvområdet.

Dette er overnatting for deg som ønskjer meir enn ein stad å sove – du ønskjer ei oppleving som høyrer til staden.